Oddbjørn Aardalen (72) er en norsk dikter som bor på Skjervedal i Vennesla. Han har gitt ut seks diktsamlinger. Foto: Fædrelandsvennen.
Brukerskapt innhold
Lokalkulturen er en side for brukerskapt innhold, der kulturpersonligheter fra Sørlandet skriver. Vi tar også inn pressemeldinger som omhandler sørlendinger i kultursfæren. I tillegg ønsker vi stoff fra kulturarrangementer i Agder-fylkene. Formålet er å speile bredden og mangfoldet i kulturlivet her i sør. Vil du bidra, kan du sende en mail til Rune Stensland.

Aleine i rommet

Eg legg meg til rette under behandlingsmaskinen.

Ein av operatørane, ein godsleg, breiskuldra austlending, seier:  “Jasså, så du er medlem av Forfatterforeningen, du.”  Eg legg meg til rette, sørgjer for at føtene tek plass i fotavtrykka i enden av benken, hendene låst fast på brystet i dei grøne plasthandjarna.  Dei to operatørane ser til at lekamen ligg slik han skal.  “Nei”, seier eg, “eg er ikkje medlem. Men eg skriv ein del, særleg poesi.”  “Jeg vet det”, seier han, “poesi er litteratur det også, ikke sant?”

“Skriver du i aviser og sånn”, spør kvinna med det grå håret.  Etter dialekten er ho ikkje austlending. “Ikke bare det”, seier han, “han er en ordentlig forfatter.”

“Nå setter vi i gang”, seier han.  Dei to operatørane forlet romet; berre eg og maskina er igjen.  I hovudet mitt konkurrarer ei vise av Finn Kalvig med den monotone maskinlyden.  Eg ser maskina røre seg, stanse på millimeteren der ho stansa i går.  Og dagen før. Så vandrar ho vidare før ho stanser igjen. Gjer jobben. Det heile tek berre nokre minutter.

Dei to kjem inn igjen og benken blir senka ned i passeleg høgde så eg kan stige av.  “Du skriver godt”, smiler han.  “Det er så enkelt i 2016:  Bare noen få tastetrykk.  Mens behandlingen foregikk leste jeg et dikt av deg for de andre.  Diktet handler om mor og far. Vakkert. Vi kommer til å finne mer.”

Eg tenkjer på MR-undersøkinga i sommar, på venterommet og diktet av Halldis Moren Vessas som var malt på veggen. Kven veit, tenkjer eg.

Les flere innlegg av Oddbjørn Aardalen her