Oddbjørn Aardalen (72) er en norsk dikter som bor på Skjervedal i Vennesla. Han har gitt ut seks diktsamlinger. Foto: Privat.
Brukerskapt innhold
Lokalkulturen er en side for brukerskapt innhold, der kulturpersonligheter fra Sørlandet skriver. Vi tar også inn pressemeldinger som omhandler sørlendinger i kultursfæren. I tillegg ønsker vi stoff fra kulturarrangementer i Agder-fylkene. Formålet er å speile bredden og mangfoldet i kulturlivet her i sør. Vil du bidra, kan du sende en mail til Rune Stensland.

Februar

Eg tek ein bit av februar, kjenner smak av snø og kuldegrader.  

Eg lyer, høyrer nordaustens kvite ul, ser gjennom skriveromsglaset mot nakne, skjelvande bjørketre til knes i snø. Det er strengt, det er alvorsamt, det er februar. Ein månad for gutar som ikkje er avla på muselort, for jenter med kyss som smakar rima Barbie.

Og likevel: Eg er eit stykke på veg. Ein dag tidleg i februar bestemmer nordausten seg for å ta ein pause. Eg gjeng ut i den blå morgonen, lyer til dei fyrste kjøttmeisstrofane som stig som usynleg røyk frå tyribålet ved Omdalstjønna denne dagen då eg tek meg tid til å stige inn i meg sjølv, slå meg ned ved den krokute furua for å sitje der ei beite, sjå inn i flammane, tenkje på ingenting.

Og eg vender meg mot noko lyst; morgonskodda som lettar over myra, ein aprilsjogande orrebulder. Eg er på det næraste religiøs, i alle fall truande. Om det kan kallast vår eller personleg vår, er eg ikkje sikker på.

Les flere innlegg av Oddbjørn Aardalen her