Oddbjørn Aardalen (72) er en norsk dikter som bor på Skjervedal i Vennesla. Han har gitt ut seks diktsamlinger. Foto: Fædrelandsvennen.
Brukerskapt innhold
Lokalkulturen er en side for brukerskapt innhold, der kulturpersonligheter fra Sørlandet skriver. Vi tar også inn pressemeldinger som omhandler sørlendinger i kultursfæren. I tillegg ønsker vi stoff fra kulturarrangementer i Agder-fylkene. Formålet er å speile bredden og mangfoldet i kulturlivet her i sør. Vil du bidra, kan du sende en mail til Rune Stensland.

Eg øver meg i å slutte

For nokre år sidan slutta eg i jobben. Då eg gjekk ut av kontoret, la 40 år att der inne, sa eg til meg sjølv: Du skulle ha øvd deg på dette.

Året etter tok eg idrottsmerket for 50. gong. Fekk forgylla 50-årsmerke, diplom, blomar, kaffi og marsipankake av Friidrettskrinsen. Piggskoa, over 50 år gamle, stend i klesskåpet på loftet. Drøymer dei framleis om å sakse seg over 1,78?

Kristiansand Stadion, ettersommaren 1961. 17-årige Oddbjørn gjer eit ekstrahopp for Fædrelandsvennens fotograf etterat Daniel Rike (frå Valle og bror til Magne Rike som var Månadens poet fleire gonger på Dagbladets Diktkammer men døydde så alt for tidleg ved årsskiftet 2011/12) og eg hadde vunne kvar vår klasse i eit friidrettsstevne der med 1,70 (saks). Nokre gonger tenkjer eg kva ein kunne ha drive det til om ein hadde Fosburyfloppa.

Ved siste Kommuneval mangla eg ved benken i stemmelokalet. Dei andre sa dei sakna meg. Ville valoppslutninga ha auka om eg hadde sitje der til dei bar meg ut? Om eit par veker begynner skytinga til hjorteviltprøva. Denne gongen utan meg. Etter 40 år skal Mauseren få stå i skyteskåpet i fred. Vil ho sakne fingeren min på avtrekkaren?

Mormor sa: Ein gong begynne ein gong begje. Mormor var ei klok kvinne.

Eg er lett til sinns, høyrer framleis bokfinken, skriv kjærleiksdikt til K., snur meg raskt rundt når ei nyutsprungen bjørk kitlar meg på ryggen med tonane sine. Eg har bestemt meg for at eg aldri skal begynne å øve meg på å slutte å drøyme.